Sidan 70-talet har det vore planar om fjordkryssing med bru over Rovdefjorden.


I 1971 vart det utarbeidt planar med flytebru kombinert med høgbru frå Saudeholmen til Storeneset der ein planla ei rundtkøyring for å kome opp i høgde for ei bru på 30 m seglingshøgde over Saudesundet.


Seinar kom det også planar om å bygge ein undersjøisk tunnel frå Sandnes i Syvdefjorden til Almestad/Leikong på Gurskøya.
Med dei krav som er til stigningsgrad i tunnel i dag (5%) ville ein slik tunnel vorte 15-18 km lang og gå ned mot 400 under sjøoverflata


Sidan dette har det vore fokus på flytebru-løysinga frå Bjørlykkeskjæra og over til Saudeholmen med ei høgbru/eventuelt nedsenk rørtunnel frå Saudeholmen til Storeneset v/Breivik Kalkverk


I 2011 vart Rovdefjordbrua as stifta.

Formålet med stiftinga var å arbeide for realisering av fast samband mellom Koparnes/Bjørlykke i Vanylven kommune til Storeneset/Saude indre i Sande kommune.


Les meir om tilbakeblikk på Rovdefjordbrua/sambandet  her